Det er noko djupt tilfredsstillande å halde hendene rundt ein kopp med varm drikke.
Det å møtast til ein samtale over ein kopp med varm drikke er kanskje akkurat det du trenger når livet røyner på, det å få reflektert I saman med ein nøytral part. Litt sånn "ullteppe og kakao tid".
Eg tilbyr i dag fire ulike konsept for samtale, du vel det som passar best for deg:
1. Kontorsamtalar: Trygge, strukturerte samtalar i skjerma omgjevnader.Her får du ro til å setje ord på tankar og kjenne etter kva som verkeleg betyr noko.
Kontoret mitt er i Nernesvegen 174, i Etne. Tilknytta mitt bustadhus, men med eigen inngang.
2. Digital samtale: Du vil få tilgang til ei sikker nettløysing for samtale "Whereby", der du kan sitte i dine omgjevnadar der du kjenner deg trygg, og få ein samtale med meg.
3. SkogsamtalarEi vandring i naturen, der samtalen flyt i takt med stega.Skogen gir rom for djup pust, nye perspektiv og ei naturleg tilnærming til livets spørsmål.
4. Hest som samtalestøtte hesten lyttar ikkje til ord, men til pust, rytme og spenningar. Derfor avslørar den ofte det me ikkje alltid merkar hjå oss sjølve. Ved å ha hesten som samtalestøtte øver me på å følge hesten gjennom:
- observering av kroppsspråket
- sjå kva den trenger i øyeblikket
- justere eigen energi og grenser
- kjenne etter kva som skjer i eigen kropp
Kven passar dette for?
Tilbodet passar for deg som ønskjer:
Støtte i livsovergongar eller endringsprosessar
Eit rom for å bearbeide opplevingar, stress eller uro
Auka innsikt i eigen livssituasjon og relasjonar
Eigenutvikling med terapeutisk støtte
For bestilling av time:
https://system.easypractice.net/book/electio-as
Ynskjer du individuelle samtalar og/eller gruppesamtalar til din bedrift? Ta kontakt så finn me i saman ei god løysing til din bedrift sitt behov.
For meg er det viktig å bygge tillit og tryggleik til den eg samtalar med.
Eg har sjølvsagt taushetsplikt.

