Electio betyr val – og val er noko av det mest grunnleggande vi står i som menneske.
Å ha eit val opnar for nye moglegheiter, retningar og perspektiv – både for enkeltpersonar og for bedrifter. Samtidig veit vi at val kan vere krevjande. Kva er rett? Når skal ein velje? Kva står ein i fare for å miste – eller vinne?
Eg er opptatt av at val ikkje treng å takast aleine. Å ha nokon å snakke med, ein samtalepartnar som lyttar, stiller undrande spørsmål og bidreg med nye perspektiv, kan gi både klarheit og tryggleik. Val handlar ikkje berre om å veta, men om å kjenne etter, utforske og bli meir bevisst. Det rommet ønskjer eg å tilby.


Eg heiter Anette Lauareid Hovda og har master i familieterapi og relasjonelt arbeid. Med bakgrunn som barnehagelærar, EQ-terapeut og meir enn 25 års erfaring som leiar i både offentleg og privat sektor, møter eg deg med både fagleg forankring og levd erfaring.
Mi overtyding er at du sit med svaret sjølv, på kva som er rett for deg, di livssituasjon eller di verksemd. Mi rolle er ikkje å gi fasiten, men å vere ein trygg samtalepartnar som stiller opne, nysgjerrige spørsmål og hjelper deg å få tak i det som verkeleg betyr noko for deg.
Gjennom ei reflekterande og relasjonell tilnærming inviterer eg til utforsking, innsikt og utvikling, i eit rom der du får vere heil, og der både det profesjonelle og det personlege kan få plass.